Eg traskar i skog og over myr
- går min eigen veg
Dei seier eg er ein underleg fyr
- einsam det er eg
Åsane blånar og ligg og skin
- går min eigen veg
Dalen er stor og fager og fin
- einsam det er eg
Det blinkar så flott over elv og sjø
- traskar steg for steg
No kjeme snart den fyrste snø
- einsam det er eg
Eg vandrar imellom haug og hei
- går min eigen veg
Her er det vilt og lang ifrå lei
- einsam det er eg
Fins ikkje folk som eg kan sjå
- går min eigen veg
Himmlen er blå men myra er grå
- einsam det er eg